Publisert på

Ope brev til biskopane

1497822_597650217029095_6210748155099560730_o

Altfor seint,biskopar!
På Dagsrevyen den 17. okt. 2016 er biskopane i samle tropp, med sin presis i spissen, ute og åtvarar mot å slutte med skulegudsteneste i førjulstida.
Det er for seint, biskopar! Som man reder så ligger man, heiter eit gamalt ord! Og de har ikkje berre reidd til dykk sjølv, men til alle nordmenn! De har alt i mange år gått i spisen for framandgjeringa og islamiseringa av fedrelandet. De har arrogant hakka på dei som har sett skrifta på veggen og som ser kvar ferda går. Og skriftteikna har de vore med på å forme.
Det var i Bergens Tidende av 7. okt. 1987 at biskopane Aarflot og Bue uttala at den framande innvandringa til landet ikkje var noko trugsmål, og biskop Bue sa til avisa med det misvisande namnet «Vårt Land» den 8. sept. 1987 at krigsveteranane som åtvara mot masseinnvandringa gjekk i fascismens ærend. 
Sidan den tid har bispestanden lege på kne for å forsvare islamiseringsbylgja, og de har stadig kome med kritikk av politikarar og andre som har åtvara mot fylgjene av denne nasjonale tragedia. Nemleg at vår nasjonalstat vert oppløyst og vårt gamle folkeferd, nordmenn, vert ein minoritet i eige heimland og til sist vil gå i grav. De nærmar dykk målet!
De har gjennom åra stadig kravd friare reglar for masseinnvandringa! De har tillate prestar i presteskrud å be til Allah, som dette: «Allah vær meg nær»!
De har vore med på å ta vår kultur og det som vi kjenner som norsk og vårt frå oss, så no viser tida at de har fått det slik de har ønska, saman med dykkar kampfeller!
De treng såleis ikkje no å stå fram og læst som de har omtanke for vår kristne kulturarv. De har altfor lenge synt dykkar sanne andlet i denne samanhengen.
At NRK finn å la Knut Arild Hareide gi støtte til dykk viser berre hykleriet og falskheita i det de seier. De høyrer, etter mitt syn, saman med han som seier at, den siste kvite flekken består i å dekonstruere majoriteten, og gjere det så grundig at den aldri meir vil verte ein majoritet. ( Thomas Hylland Eriksen) Framtidsdraumen som nokon, og eg trur også de, har som mål i livet. Og denne planen gjeld oss nordmenn!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.