eldrebolgen

Illustrasjon «: Rune Olsen .

Viser til eit greit innlegg i Firda 29.10. 2016.
Der hadde du eindel gode synspunkt, og du viser til uttalar frå Kristin Clemet i Cevita tankesmie. Eg lurer forresten ofte på kva som kjem ut av desse «tankesmiene» og om dei skal vere bindande for det vi som er utanfor smiene skal tenke og forhalde oss til?
Kanskje er der like mykje vett og forstand i hovuda på dei som ferdast på grasrotnivå, ja, heller meir, enn kva desse smiene avlar. Og kven er det som betalar for alt dette flogvitet som vi får presentert der ifrå?
Men:
I din ellers bra artikkel kjem du inn på det du kallar «god» integrering og du synes å ha ei redsle for å verte kalla nasjonalist. Nett det har du vel vorte opplærd til av 68-arane og dei som gjennom historia har hylla dei verste diktatur som verda har sett. Pol Pot, Stalin, Mao og Hitler må vel kunne samlast under same fana. Og mange av Pol Pot og Mao sine disiplar har i vår tid politisk makt og er å finne i mange viktige beslutningsprosessar i samfunnet. Også internasjonalt er dei høgt akta, kanskje mest grunna dei bindingane dei kan utgjere til den norske oljeformuen.
Eg erkjenner meg som nasjonalist og eg vil verne om nasjonalstaten, men eg er ikkje – eller har aldri vore nazist eller kommunist.
Begge ismene tilhøyrer forresten venstresida politisk. Kommunismen som internasjonal sosialisme og nazismen som nasjonalsosialisme. Nazismen slik vi kjenner den kan heller ikkje kallast nasjonalisme, den var – er – reinspikka imperialisme, lik kommunismen. Ingen sann nasjonalist vil tenke seg å gå til krig mot andre nasjonar for å skape eit imperium!
Kaare Ruud, hadde 20 år bak seg i FN organisasjonar, med oppdrag for det meste i Asia og Afrika, han var gift med ei kvinne med røter frå urfolk i Mexiko. Han uttrykkte det å vere nasjonalist slik: «Nasjonalisme er det å ville bevare nasjoners eksistens og/ eller styrke deres funksjon som sosiale fellesskap, herunder både deres identitet og deres egenart».
Kaare Ruud gjekk så altfor tidleg bort, men han rakk å vere med i Folkebevegelsen mot innvandring -FMI – og fekk høve å sjå at det som vi likar å kalle demokrati her i landet, i verkelegheita ikkje er så mykje å skryte av. I dette «demokratiet» har anarkistiske valdsgjengar hatt sine storheitstider, og har det nok framleis.
 Som Kaare Ruud var, er også underteikna, medlem i FMI. Dei anarkistiske gruppene er det god grunn å hevde vart nytta av styresmaktene mot dei som hadde eit anna syn på masseinnvandringa enn det som var politisk vedteke. Demokrati, Slagsvold Vedum?
Den tidlegare svenske statsministeren, sosialdemokraten, Tage F. Erlander, uttala i Riksdagen i 1965 om tilhøva i Sverige og USA dette: «Vi svenskar lever ju i en så oandligt mycket lycligare lottad situation. Vårt lands befolkning ar homogen, inte bara i fråga om rasen utan också i många andra avseenden». Kva ville Erlander sagt i dag, mon tru?
Når du skryt av integreringa i Norge så kan eg berre nemne at eit lite folk som må endre seg sjølv og heile sitt samfunn for å tilpassast dei framande som kjem til landet, fortel ikkje om god integrering av innvandrarar, men om at det er dei stadbundne, urfolket,  som vert kravd skal integrerast i det samfunnet som dei framande tek med seg frå heimlanda. Dette utelukkar også den nasjonalstaten som du nemner. Dette samfunnet er ikkje nokon nasjonalstat!
 
Eg vil også nemne kva denne dama i Civita, Kristin Clemet, uttala på ein næringslivskonferanse, og som var gjengjeve i Aftenposten den 19/3 – 1998: Om hundre år er allting glemt. Vi vil alle bare ha blitt litt mørkere i huden. Reportasjen fortel at ho fekk ståande applaus frå forsamlinga.
Er dette integrering, Slagsvold Vedum, når det folket som vert mål for folkevandringar skal skifte eigenart og identitet?
Her kan det også vere verd å ta fram Gro H. Brundtland si stortingsmelding nr. 74 frå 1979, der ho legg fram planane for korleis Norge skal endrast frå eit homogent samfunn til eit fleirkulturellt samfunn. Det er altså nordmenn som nasjon som skal endrast, medan dei framande skal få utvikle sine heimlands kultur i vårt land! Sa du integrering, Slagsvold Vedum? For å ta frå oss det siste som er vårt ser vi at det har vorte praksis frå eliten å kalla innvandrarar for «nordmenn». Dette skal liksom plantast inn i folkesjela!
Eg vil også i denne samanhengen minne om diskrimineringslova som vart forfatta til vedtak i 2005 der nordmenn vert pålagde ved lov å innrette seg etter den nye samfunnsforma, det multietniske og fleirkulturelle samfunnet. Og der, til alt overmål, vert innførd omvendt bevisbyrde som rettspraksis.  Er dette Integrering? I eit demokrati ville vel folket vorte rådspurde i ei så viktig sak? 
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
57731844
 Dato: 29.10. 2016


7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .

Relaterte innlegg

kunst

FERIETUR TIL SKAGEN.

En vårdag fant vi ut at vi skulle reise noen dager til Skagen . På den tiden gikk det båt fra Moss til Skagen og vi tenkte å bli noen dager . Kattevakt hadde vi Les mer …

HELSE

BEKJEMPER ZIKA-VIRUS MED GMO -MYGG.

Fakta”: Oxiteks genmanipulerte mygg. *Oxitecs er ett britisk selsskap som vil utrydde myggarten Aedes Aegypti fra Brasil. *Aedes Aegypti kan spre over 100 sykdommer , bl. a Zika , dengue og chikungunva . *Arten er Les mer …

POLITIKK

ÅPENT BREV TIL ALEKTUM group A.S

For en tid tilbake opprettet jeg ett lån hos Nordax Bank på kr. 95000, som ble betalt etter avtale , slik at restbeløpet var kr. 68.865.18. Imidlertid fikk jeg å dette tidspunkt problemer med å Les mer …