ulver-og-lamdemokrati

Til
Arild Grande, Ap,
stortinget
                              
Viser til din «glade» bodskap, den 8. des. 2016, om at stortingsfleirtalet skal auke NRK-lisensen.
Dermed kan NRK halde fram med sine propagandasendingar som er heilt i tråd med den propagandaen som «Arbeidarpartiet» har fostra oss opp med i alle dei åra eg kan minnast.
For oss, som det no er mange av, er det eit mareritt å fylgje både TV og radio sine vinklingar for å påverke oss i dagleglivet. Også mange av programma av det som kallast «underhaldning» er stort sett oppskrytte av NRK sjølv, der «morokvinner og -menn» synes å le av det som mange TV-sjåarar finn berre som platt og dumt!  Men dette kostar pengar, og det veit stortingsfleirtalet og AP å finne råd med. Så Arild Grande kunne spart seg sleivsparket om at regjeringa ikkje vert samd med seg sjølv om desse lisensgåvene.
img_2598
Ei av dei faste propaganda innslaga som er vorte daglegdags både på Dagsrevyen og i andre innslag er at «nordmenn» gjer det eine og det andre. Dette vel vitande om at det er mange her i landet som politikarane og innvandringslobbyen har busett her og som ikkje er nordmenn! Likevel skal alle kallast «nordmenn». Skal minne Grande, og NRK-leiinga, om at nordmenn er det etnisk namnet på vårt folk.
Eit folk som har budd her gjennom tusenvis av år, men som de no er i ferd med å gjere til husmenn og ein minoritet i eige land. Difor skal altså alle kallast «nordmenn», slik slepp de å kome i den kattepina at folket innser at dei framande har vakse oss over hovudet medan de bløffa oss. Når de så finn tida inne for å sleppe katta ut av sekken så er altså «alle» nordmenn. Sanninga om sviket mot folk og land vil då vere for seint for Kari og Ola å gjere noko med! Då vert det som ein NRK-reportar for ei tid sidan hadde for vane å vri  ordtaket om til, Ali og Kari.
Ei anna sak som det vert snakka mykje om mellom folk flest er dette at det sjeldan vert fortalt gjennom nyheitsinnslag kven som står bak kriminalitet som vert begått av utlendingar eller innvandrarar. Slikt skal helst ikkje lisensbetalarane gjerast kjende med, må vi forstå! Derimot vert det meir enn gjerne fortalt når gjerningspersonen er norsk. Då får vi med ein gong vite at den som står bak ugjerninga er «etnisk norsk». Om ein så finn at det ikkje kan haldast hemmeleg at ugjerningspersonen er ein framand vert det gjerne fortalt at vedkomande er norsk statsborgar med utanlandsk opphav, eller at vedkomande er «norsk-ditt eller norsk-datt. Det må truleg vere ei lette for reportarane å få legge til ordet «norsk» i slike samanhengar.
       
Eg har ved fleire høve påpeika dette propaganda trikset om «nordmenn» både overfor NRK-leiinga og den einskilde reportar, sjølvsagt har det hatt same verknaden som om ein kastar vant på gåsa. Det verkar heller som om  nyheitsopplesarar og andre i systemet nyt det å kunne halde fram med ein praksis som dei veit provoserar og irriterar oss nordmenn. Det er tydeleg at det ikkje er landets eigne som skal takast omsyn til.
Namnet på vårt folk – nasjonen – er eindel av vår identitet, det som vi reknar som norsk og vårt vert ofte latterleggjort av eliten, anten det er frå media, politikarar, kjendisar av ulik profeksjon og kvalitet, eller frå anna liknande hald.
Ei kvinne busett i Oslo fortel at ho ikkje orkar å sjå NRK eller TV2, nett grunna dei ting eg har nemnt ovanfor, men betale lisensen som vert brukt for å spre dykkar propaganda, den må ho versågod vere med å betale på.
Frå tid til anna hentar NRK fram sine avgåtte kjendisar frå loftet,  slike vi trudde og håpa på var utgått på dato. Dei vert pussa og polerte for så å la dei få nye oppdrag som «underhaldarar». Slike har også evner til å snakke med dei døde, fortel dei sjølve, og der trur vi dei gjerne. I andre samanhengar kan dei få lufte sine ideologiske idear. Og jamvel har dei frimodigheit til å uttale at «Vi lever av å fortelle sannheten». Men nett det har vi for lang røynsle med mediafolk til å bite på. Her trur vi dei slett ikkje! Det er kjent at ein av dei verste spesialistane innan propagandatriks uttala at om ei lygn vart gjenteken mange gonger så vert den tilslutt sanning. Så kan ein saktens lure på om det er denne strategien den heimlege media også arbeidar etter? Både mediaforakta og forakt for politikarfleirtalet aukar, og dei har seg sjølv å takke. Og denne forakta har dei så inderleg vel fortent. 
For å sitere samfunnsdebattanten, Dan Odfjell, «Ikke tro på media, de har tapt sin siste troverdighet». (Norge IDag nr. 49 -2016)
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
tel: 57731844


7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .

Relaterte innlegg

kunst

FERIETUR TIL SKAGEN.

En vårdag fant vi ut at vi skulle reise noen dager til Skagen . På den tiden gikk det båt fra Moss til Skagen og vi tenkte å bli noen dager . Kattevakt hadde vi Les mer …

HELSE

BEKJEMPER ZIKA-VIRUS MED GMO -MYGG.

Fakta”: Oxiteks genmanipulerte mygg. *Oxitecs er ett britisk selsskap som vil utrydde myggarten Aedes Aegypti fra Brasil. *Aedes Aegypti kan spre over 100 sykdommer , bl. a Zika , dengue og chikungunva . *Arten er Les mer …

POLITIKK

ÅPENT BREV TIL ALEKTUM group A.S

For en tid tilbake opprettet jeg ett lån hos Nordax Bank på kr. 95000, som ble betalt etter avtale , slik at restbeløpet var kr. 68.865.18. Imidlertid fikk jeg å dette tidspunkt problemer med å Les mer …