BTEV TIL SYLVI LISTHAUG, JUSTISDEPARTEMENTE

eventyrfortelleren

Ill. Billedkunstner Rune Olsen ( 1948-2005).

Har lese det Sylvi Listhaug uttalar om media og Journalistar.
Du har heilt rett! Om Kokkvold, som eg dessutan har hatt litt tru på, synes det er deprimerande å lese det du skriv og seier, så burde han vere endå meir skremd over korleis media opptrer og brukar si makt for å villeie befolkninga. Og korleis dei går fram mot meiningsmotstandarar, dei som tydelegvis ikkje er på journalistane si politiske side vert uthengde, latterleggjorde og framstilte på dei mest negative måtar. 
Det dei driv er ikkje "kritisk journalistikk", men nedrakking av meiningsmotstandarar og mot dei som ikkje let seg leie som kveg inn i politisk korrekt tankegang.
Sjølv har eg slutta å kjøpe aviser, riks- , regionalaviser og lokalaviser. Eg har gjennom 30 år som innvandringskritikar verkeleg fått oppleve korleis journalistar oppfører seg. NRk brukar brautande bøllar som programleiarar som gjer at det NRK som vi er tvangsinnmelde i, og betalar for, er ei pest og ei plage. Det som NRK sjølv kallar "gullrekka" på fredagar er så usmakeleg og rein mobbing av slike som mediaeliten ikkje likar at TV-en som vi betalar for står svart gjennom kvelden.
Som om ikkje fredagen er nok, så kjem dei med Lindmo på laurdagane. Nye kjendisar skal profilerast slik at vi skal lære oss kva vi skal tenke, meine, seie og korleis vi skal forhalde oss gjennom livet. Og all denne propagandaen skal så i dagar etterpå gå i reprise.
Vi skal ver så god få planta sjiten deira inn i skallen.
Eg er overraska og skremd over at Kokkvold ikkje sjølv ser kva media driv på med når det gjeld å bruke eiga rå makt overfor opinionen. Han må då berre ha oppfatta korleis media og NRK har gått fram mot Trump, i valkampen, under valet og i ettertid. Der vert personen Trump framstilt med dei mest ufine andletsuttrykk og vi får servert gang på gang dei mest negative utsegner og handlingar som han vert tillagd. Medan motkandidaten vert servert på ei rosa sky. Har ikkje Kokkvold sett dette? Skal vi ha respekt og vere duknakka overfor ei slik media?
medias-svikt
Eg har mykje meir eg kunne skrive her, eg har mange gonger opplevd ufyselege og bitande journalistar som opptrer som bøllar og er uhøflege. Eg forstår godt at mange sluttar å kjøpe aviser, og NRK-lisensen har vorte litt for mange sure kroner å betale for noko som byr oss i mot. Som medlem i FMI gjennom 30 år har eg sett usanne oppslag om vår sak og vår organisasjon, utan å kome til orde med korrigeringar eller å kunne tilbakevise usanne oppslag.
Aviser har brukt opptil 10 sider på laurdagsunderhaldning med usanne og negative oppslag om FMI (her Agderposten). Eg skreiv eit motinnlegg, då eg kjenner organisasjonen svært godt. Det nekta avisa å ta inn. Redaksjonen som sjølv hadde brukt 10 sider på sjikane skulle nemleg bestemme kva eg skulle skrive. Dette klaga eg inn for PFU, der også Kokkvold sat den gongen, om eg ikkje tek feil. PFU avviste mi klage. Slik er den presse og media som vi vert nermast pålagde å ha respekt for. Eg synes uttrykket som no vert brukt, Lygarpresse eller Lygarmedia, er svært treffande.  
Dette burde uroe Kokkvold meir enn om Listhaug seier det som mange andre meinar om media og journalistar, men som få torer å seie frå om. 
Dette brevet vert også sendt til ulike nettstadar.
Takk Listhaug for at du står på folket ditt si side, oss har media for lenge sidan vend ryggen til.
Norvald Aasen.
(Kopi til Per Edgar Kokkvold, kringkastingsrådet)

Publisert Kategorier Ukategorisert, VideoStikkord , , ,

Om 7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .