Politi-_og_lensmannsetaten

Eg les i denne avisa den 11. mai 2017 at Kongen har sagt at «norsk kultur utvannes».
No er det ei tid då alt som kjem frå kongehuset vert slege opp som om orda kom frå ein eller annan gud, og at kongehuset sine medlemar er noko heilagt som har dala ned frå ein annan klode.
Men kjære Norge iDag, når de slær opp slike ord av Kongen, som for ein gong skuld er rette, er dette noko som vi andre har sett og påtala i åresvis, ja, i fleire tiår, men som vi har vorte ekskluderte frå samfunnet for å hevde.
 Då bed eg dykk merke dykk Kongen si tale i Slottsparken den 1. september 2016. I den talen hadde ikkje Kongen noko vanskar med å uttale noko som smerta mange av oss nordmennene.
Her uttala han mellom anna at: Nordmenn har innvandret fra Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria m.fl.
Slike ord er eit reinspikka hån mot nordmenn og vår kultur. Denne talen gjekk verda rundt og framstilt som eit mesterverk. Frå mitt syn var talen eit makkverk!
Utvatninga av norsk kultur har Kongen og hans hus tala varmt for og støtta av hjartans lyst, slik eg ser det! Når han seier at afghanarar, pakistanarar og somaliarar er nordmenn, ja, då må den kulturen som dei har med seg også vere «norsk kultur». Dermed vert vår kultur utvatna til ei blanding av hummar og kanarifugl. Beklagar så Kongen dette?
Det går då ikkje at han i ein samanheng hånar vår kultur, ved å uttale seg slik han gjorde, for så ved eit anna passande høve å fortelje at vi må verne om kulturen vår. Og om fåren for at den vert utvatna. Det må då kunne krevjast at Kongen held ei konsekvent linje. Enten er han for oss og vår kultur og det som vi kjenner som vårt, eller som han sa då han besøkte eit megaasylmottak i Råde for ei tid sidan, vi må vise kva som bur i oss og ta imot dei som kjem hit. Ja, dei som kjem hit i tusental årleg utvatnar norsk kultur. Litt edruelegheit må vel kunne krevjast også av landet sin monark og hans familie. Sjølv ved kongelege festlegheiter?
Underteikna har det meste av livet vore tilhengar av monarkiet. Det har kome mange dropar med åra som har fyllt begeret, men den dropen som fekk begeret til å flyte over, og som gjorde slutt på mi støtte til monarkiet var Kongen sin tale i Slottsparken den 1/9 -2016. Den talen vil for all mi tid vere avgjerande for mitt syn på Kongen og hans hus!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.
57731844


7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .

Relaterte innlegg

Video

Til opposisjonen på stortinget/ ved Jonas Gahr Støre.

På nyheitene idag, 11.10.17, får vi høyre Jonas G. Støre spørje om Regjeringa vil drage tilbake støtta til HRS. For ein gong skuld uttrykkjer Statsministeren seg korrekt. De kan ikkje berre støtte tankar som de likar, Les mer …

Video

Herr Per Edgar Kokkvold, Kringkastingsrådet.

På Dagsrevyen den 9. august 2017 var der et kort innslag om saken der en kvinne ble funnet drept i en bil i Østlandsområdet. Nyhetsoppleser, Tom Nilssen, fortalte at den siktede mannen for drapet var Les mer …

Video

SKRAPESYKE, IKKE «SKRANTESYKE»?

En facebookvenn gjorde meg oppmerksom på dette innlegget av overlege ved Tynseth sykehusn , Hans J. Engan , som ble refusert av norske aviser . Jeg synes dette er så viktig at jeg tar meg Les mer …