Publisert på

Valkamp er valgalskap, hykleri, sjølvros, kort sagt ein lygarfestival.

DSC01539.JPG

I AP sitt valkamp slagord heiter det: «Alle skal med».
Men dette stemmer då slett ikkje! De vil ha Frp ut av regjeringskontora, eit parti med mange hundre tusen veljarar bak seg. Frp og deira veljarar skal altså ikkje MED! Då er dykkar slagord for valet lygn og bedrag, «Alle skal ikkje med», er det rette.
Ein annan ting som slår meg er dette at du snakkar om skattelette til dei rikaste, noko som du visstnok er slik motstandar av.
Her trur eg deg ikkje! Du sjølv er søkkrik og du er sikkert glad for kvar krone du slepp å betale i skatt. Å ha fond i selskap i skatteparadis tyder vel ikkje på at du har noko i mot å sleppe skatt?
I valinnspurten var du også på Haukeland sjukehus og lova der 1 milliard kroner til kreftbehandling om vi var så venlege å røyste på deg. Kvifor kom du ikkje med den milliarden då du i førre valperiode sat som helseminister. Kva gjorde du då for å styrke kreftbehandlinga? Også då var det menneske som vart sjuke og som døydde av kreft.
Desse spørsmåla stiller eg meg når eg høyrer om alle lovnadane du og andre kjem med i valkampen. Og som du veit, Jonas Gahr Støre, dei færraste av dykk politikarar vil inn i styre og stell for å gjere det beste for folk og landet vårt!
De gjer det for eigne posisjonar, status og pengar si skuld og å kunne få merksemd verda rundt for dykkar avhending av fedrelandet!
Politikarar som opptrer slik du og eindel andre gjer må vere rimeleg hysteriske etter å oppnå makt – ja, rå makt!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.