Til Justisminister Sylvi Listhaug, Regjeringa

slaveri

Eg les i avisa Norge IDAG frå denne veka, nr. 10/ 2018 at "Listhaug forsvarer politiaksjonen på Stord".
Eg takkar deg og du har mi fulle støtte!!!!!!!!!!!!!!!
Er det slik samfunnet skal fungere at menigheiter og kyrkjer kan stå over norsk lov og lovleg fatta vedtak når dei likar nokon eller er ven med nokon? 
Og "konvertittar": Kva ville det resultere i om det skulle vere greit å kome til Norge og hevde at no har vi vorte kristne så nå må vi vere her? Sjølvsagt så ville det verte utnytta av alle som meinte dei hadde ei dårleg sak. Eg minnes då det for nokre år sidan sat ein gjeng afghanske ungdomar utanfor Oslo Domkyrkje og sveltestreika. Dei var gått over til kristendomen hevda dei og kunne ikkje sendast tilbake til heimlandet. Dei fekk støtte av biskopen, sjølvsagt! Seinare fortalde dei at ingen av dei var kristne.
Eg vil også minne om den såkalla Ali-saka på -90-talet, meinar eg å hugse. Ali kom seinare tilbake til Tyskland og fortalde at heile opplegget med kyrkjeasyl i Oslo var bløff og sett saman av norske støttegrupper. Den saka vart også støtta av biskop Stålsett som i ettertid ikkje syntest det var noko å be om orsaking for at han hadde vore med å halde Ali i kyrkjeasyl og villeie folket.
Ved å utnytte konvertittsystemet veit dei også at dei set seg i ein situasjon der dei kan få problem i heimlanda, helst då muslimske samfunn. Dette må dei ta ansvaret for sjølve, vi ville kome i ein heilt uhaldbar situasjon om slike framgangsmåtar skulle verte grunnlag for opphald i Norge. Men det er tydeleg at korkje kyrkja eller menigheiter eller alle desse hersens støttegruppene bryr seg med at samfunnet vart grovt utnytta.
Eg spør: Kor naive skal vi vere og kor mykje og kor lenge skal vi la oss lure! Nok er nok!      
Med støtte og helsing frå
Norvald Aasen, 6983 Kvammen

Advertisements
Publisert Kategorier RETTSIKKERHET, VideoStikkord , , , , ,

Om 7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *