DET NORSKE FOLKS STØTTE TIL SYLVI LISTHAUG.

blomstersylvi

Jeg er helt overveldet! Flere hundre blomsterbuketter med nydelige kort er kommet i dag. ? Jeg vil takke hver og en. Det betyr utrolig mye, og jeg er rørt av all denne støtten. Jeg vil også takke for alle e-postene, SMS, telefoner, brev og meldinger på Facebook. Jeg er så glad for den støtten dere gir meg! 

Sylvi Listhaug.
Ope brev til:
Erna Solberg, Sylvi Listhaug, Jonas Gahr Støre m. fl.
Så er Sylvi Listhaug pressa til å be om orsaking for noko som er oppkonstruert og som ikkje hadde samanheng med hennar omtalte Facebook innlegg om Syriakrigarar. Dette forstår mange ute i grasrota og det er sterke utsegner mellom mange korleis dette er vorte vridd over på noko som som skulle råke Justisministeren.
Mange meinar at andre burde be Justisminister Sylvi Listhaug om orsaking for at dei har kobla hennar Facebook innlegg, som handla om å trekke tilbake pass for Syriakrigarar, til ugjerninga på Utøya i 2011. Underteikna er mellom dei som meinar at ei slik orsaking til Listhaug ville vore det rette.
Men no er det slik at vårt samfunn lever etter dei politisk korrekte føringane der nokon vert hakkekyllingar medan andre hakkar i fri utfalding og med offisielle institusjonar sin øyredøvande applaus.
Og så tenkjer vi også over kva ordbruk som dei politisk korrekte har nytta overfor Sylvi Listhaug. Her burde det verkeleg vere mange som skulle kjenne seg kalla til å be Justisministeren om orsaking. Men rettferd er ukjent i eit politisk korrekt samfunn der dei politisk korrekte miljøa har sett normene. 
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
T: 57731844

Advertisements
Publisert Kategorier POLITIKK, VideoStikkord , , ,

Om 7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .

En kommentar om “DET NORSKE FOLKS STØTTE TIL SYLVI LISTHAUG.

  1. 7Xx7duUS

    Krf og "tilgjeving".

    Knut A. Hareide stod på Dagsrevyen i går, 19.03. 2018, og fortalde om Krf si haldning til Listhaug. "Det er rom for tilgjeving", sa han. Men at partiet ikkje hadde tillit til henne.

    Kva skal så Listhaug ha tilgjeving for frå krf, AP, SV og Raudt?

    Er det fordi ho har stått for noko som Krf har slept taket i, nemlig å verne om den nasjonalstaten, det kristne Norge og det våre forfedre og formødre har slitt og kjempa for, slik at vi, deira etterkomarar, kunne ha ein plass på kloden der vi hadde vår rettmessige heimstad.

    Ei av krf sine toppfigurar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, uttala seg til avisa Firda ved forrige lokalval og sa at Krf satsa på innvandring, og at moskear då ville vere ein styrke.
    I det ligg det at Krf ville sats på muslimsk innvandring til Norge. Men korleis vil det då gå med vår kristne arv? Dette fortel meg at Krf står for avhending av kristendomen og heller islamisering av vårt gamle fedreland. Då trengs det mange moskear, veit vi. Og vi har alt mange. Ser gjerne at de ser, og "nyt", filmen om Det muslimske brorskapen sine planar for overtakinga av Europa, laga av irakaren Walid al Kubaisi. Videoen kan de få frå meg.

    Nyleg sa Hareide på TV at Listhaug var meir populistisk enn det Trump var. No er ikkje dette så ille eigenskap. For oss som har eit demokratisk sinnelag så er populisme noko svært bra. Det betyr at populistiske politikarar lyttar til folket. No når Krf og Hareide ligg ned mot 3 % på gallupmålingar så har då ikkje han og partiet så mange å få synspunt og henvendingar frå. Og når det å vere populistisk er så ille for Krf vil det også seie at partiet sine politikarar ikkje bryr seg om kva folket og veljarane meinar. Slik sett er dei heilt på linje med sine meiningsfeller på ytre venstre. Der er heller ikkje folkemeininga stort verd.

    Difor eg eg takksam for at Sylvi Listhaug er populist.

    Norvald Aasen, 6983 Kvammen

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *