Herr Jonas Gahr Støre, AP.

double støre.jpg

Eg høyrde deg på dagsnyttsending i radio den 27.04. 2018 kl. 17.00, vedrørande innvandringspolitikken.
Du seier at AP er for ein streng men rettferdig innvandringspolitikk. Eg spør: Trur du at vi ute i folkedjupet ikkje har fått med oss noko av det de driv i politikken? Den fyrste som svikta med omsyn til den framande innvandringa var dåverande kommunalminister Odvar Nordli, AP.
Seinare har det gått slag i slag. Minner om stortingsmelding nr. 74 frå 1979, også omtala i Hegnar online. Så kom Fru Brundtland inn som statsminister i 1986 og tok vekk dei sperrene som kunne halde kontroll med framandgjeringa og avhendinga av Noreg. Eg minnest også tidlegare kommunalminister frå AP, Kjell Borgen, som omfavna innvandringsprofittørane og garanterte dei at “det skal ikkje stå på pengar” i høve til innvandringa.
Frå AP har innvandringspolitikken vorte førd slik forsvarspolitikken var førd i mellomkrigstida, Det brotne gevær sin politikk. Dette fører til okkupasjon, kort og greit! Og det er nok også dykkar plan!
Og du seier at det er under Frp-regjeringar at innvandringspolitikken har vore ute av kontroll, og du tek fram året 2015 som skandaleåret. Kven var det som talfesta å motta 10000 syrarar til Noreg i staden for å hjelpe dei i nærmaste trygge område inn til dei kunne dra heim og bygge opp att landet sitt? Med kvar asylsøkjar eller innvandrar kjem det i tillegg ukjende tal gjennom familiegjenforiening.
Og vi har kunne lese i media at innvandringa var rekordstor under dei to Stoltenberg regjeringane frå 2005 til 2013.
Og i slike regjeringar sat du, Jonas Gahr Støre!
Og dei freistnadane på innstraminga i denne sjølvutslettande politikken som Frp har prøvd å innføre har AP og deira allierte svært ofte galant sabotert og stemt ned. Derfor var det også viktig for AP-alliansen å få fjerna Sylvi Listhaug som den handlekratige statsråd som ho var.
Kva krefter og miljø denne alliansen dykkar har knytt venskapsband med viste det skammelege gate måleriet som vart laga i Bergen, og spreidd for all verda, der Listhaug hang naken på ein kross til spott og spe.
Så er spørsmålet: Streng og rettferdig asyl-/ og innvandringspolitikk, kven for? Den er laga streng mot oss som vil uttrykke vår motstand mot ein innvandringspolitikk som vil gjere eit gamalt folkeferd, nordmenn, til ein minoritet i eige land.
Eit av verkemidla her er den såkalla Diskrimineringslova! Og rettferdig? Er det rettferd for eit folk å sjå at det som vi har kalla som vårt eige gjennom uminnelege tider, og som våre tidlegare slekter har slitt for gjennom ofte tronge kår, no vert kravd at vi skal overlate til farande folk? Men det er vel framande erobrarar og inntrengarar du og din allianse er opptekne å skape “rettferd” for? 
Dine ord, Støre, vert etter mitt syn stadig mindre verd for ein nasjon som kjempar mot eliten, dykk, for å overleve.
Norvald Aasen, 6983 Kvammen     
(Ope brev til ulike nettstadar.)

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *