Rettsak mot Mattilsynet

mattilsynet

Torsdag 31.05.2018 kom Mattilsynet med politi hjem på gården til Pappa med den hensikt å avvlive alle sauene på gården. Ca 65 dyr, alle hadde ikke fått lamma sine ennå.

Over flere år har Pappa blitt trakassert av MT og deres lokale utsendinger.  MT forlangte avvikling av drift i februar, Pappa's advokat la inn midlertidig forføyning, men tapte dessverre i retten.

2 dager etter dommen kom sto MT på tunet,  dommen er ikke engang rettskraftig. Pappa har 30 dagers ankefrist, men dyra er allerede borte.

MT påberopte seg nødslakt av søyer, lam og drektige søyer. Helt friske, fine dyr i godt hold. Noen gikk på beite. Noen venta på å lamme. Og tre små lam var født samme dag og fikk kun leve noen timer. Og deres siste timer må ha vært grusomme, atskilt fra mor og stående på ei slaktebil i flere timer. Ikke er det lov og transportere så små/nye lam heller. De drektige søyene ble avlivet på stedet. Men de tok ikke ut lamma, så de døde i mors liv...

Mattilsynet brøt mange lover, egne retningslinjer og tok ingen hensyn til dyrevelferd denne dagen.

Med denne spleisen håper vi å kunne få hjelp til å samle inn penger. Å gå til sak mot MT og staten kommer til å bli kostbart. Men nå må foten settes ned. MT kan ikke få ture fram på denne måten og ta fra folk levebrødet.  Alt vi får inn vil gå til å dekke advokatomkostninger.

Det ligger film her som dokumenterer helt klart at sauene er friske og at MT bryter loven! MT har fart med løgn og blåst småting ut av proposjoner, og vi står igjen i ei fortvila situasjon. Dette var ett overgrep mot både folk og fe her hos oss!

Her er utdrag fra lokalavis dagen etter aksjonen, der vår advokat også er representert :

Innledning av teksten er skrevet av advokat Bjørn Solheim.

Om Mattilsynet og 65 døde sau i Uvdal - jeg gjengir her artikkelen fra lokalavisa Hallingdølen som jeg synes gir en grei oversikt over denne saken, som etter min mening handler om myndighetsmisbruk, demonstrasjon av makt, og mangel på vilje til å finne gode løsninger. 65 sau måtte bøte med livet uten noen god grunn, og mine tanker går fortsatt til Even og Ole Rennehvammen med familie.

"Mattilsynet tok 65 sauer frå bonde i Uvdal:
Aksjonerte i seks timar - "Det kjennest som eit maktovergrep"
Torsdag henta Mattilsynet 65 sauer på garden til Even Rennehvammen i Uvdal. Seks av dyra var drektige og vart avliva på staden.

AV Magnus Lindahl Og Caroline Utti
Publisert 01.06.2018 15:45
Oppdatert: 01.06.2018 15:52

Saman med Mattilsynet var også politiet.

Aksjonen, som vara i kring seks timar, har vekt reaksjonar i Nore og Uvdal. Rennehvammen meiner dei fleste uromeldingane til Mattilsynet er grunnlause og falske.

Mens aksjonen gjekk føre seg, trekte han seg tilbake og sat innandørs.

– Eg var fortvila i går og like fortvila i dag. Ein periode mista eg livsgneisten, seier han når Hallingdølen møter han fredag ettermiddag.

No orkar han ikkje vere på garden og reiser bort nokre dagar.

– Dette er eit maktovergrep. Eg er blitt utsett for hets og forfølging.

Dokumenterte
Store delar av aksjonen er dokumentert. Ole Rennehvammen, som er son til gardeigaren, sende direkte på Facebook frå aksjonen. Videoklippa viser mellom anna korleis avlivinga av seks drektige søyer gjekk føre seg bak ein presenning. Dei andre dyra vart sende til Norturas slakteri i Gol.

– Eit maktovergrep, seier også han.

I nesten 40 år har det vore dyr på garden.

– Det er forferdeleg for oss å miste sauene. Her er det ingen sjuke dyr, og ikkje er dei utsvelta, seier han.

Han reagerer også sterkt på avlivinga av dei seks drektige dyra. I tillegg var ein avtale klar om overføring av dyra frå faren til han sjølv.

– Men det berre bles dei av, seier han.

Forhandla
Då Mattilsynet aksjonerte torsdag, engasjerte han straks advokat Bjørn Solheim.

Solheim er kritisk til aksjonen og korleis det vart handtert.

– Min klient ville overta ansvaret for sauene. Men dei nekta sonen å overta. Det meiner eg er eit uforholdsmessig inngrep. At dei ikkje let sonen overta og i staden ta livet av sauene var unødvendig.

Solheim forhandla med Mattilsynet om ein transaksjon mens aksjonen gjekk føre seg. Utan resultat.

– Men hadde eg hatt eit døgn til, kunne me selt sauene til sonen. Eg prøvde alt eg kunne, seier Solheim, oppgitt over Mattilsynets haldning.

– Eg forhandla på telefon ein halvtime, men det var heilt låst. Mattilsynet hadde bestemt seg. Eg prøvde fortvila å overtyde dei om at dette var ei betre løysing for alle. Men det var dei ikkje villige til.

Etterspel?
Forhandlingane vart gjort med ein jurist i Mattilsynet i Oslo.

Etter 25 minutt gav han opp.

– Det var som å snakke til veggen. Dei prata berre om kva dei hadde rett til, ikkje kva som var ei fornuftig løysing. Det reagerer eg på. Ein forvaltningsetat skal ikkje passe på berre kva dei har rett til. Den skal også passe på kva som er ei god løysing.

– Får dette eit etterspel?

– Ja, det trur eg heilt sikkert. Her gjekk det føre seg mykje rart. Dette kan bli rettssak. Eg trur ikkje Mattilsynet kjem unna med dette, seier Solheim.

Mattilsynet: – Ei alvorleg sak
Mattilsynet har vore i dialog om sauehaldet og dyrevelferd med bonde Even Rennehvammen sidan 2009.

– Me skulle gjerne unngått denne situasjonen. Det har me prøvd ei årrekkje. Dette er det verste me gjer og eg forstår at det er vanskeleg for bonden. Men det seier også noko om alvoret i saka, seier avdelingssjef for Mattilsynet i Søndre Buskerud, Rita Aina Kvennejorde.

Lang sak
Saka går tilbake til 2009 med møte mellom partane, observasjonar og pålegg om endringar.

I februar i år vart det fatta vedtak om at bonden måtte avvikle sauehaldet etter brot på dyrevelferdslova. Då var det 66 dyr i fjøset.

Bonden klaga på dette vedtaket, men Mattilsynet tok ikkje klaga til følge, viser eit brev frå Mattilsynet 20. mars. Dersom ikkje bonden sjølv avvikla innan kort tid, varsla Mattilsynet at det ville bli gjennomført tvungen avvikling. For å hindre at vedtaket vart sett i verk, tok bonden ut såkalla mellombels forføyning. Då gjekk saka til Kongsberg og Eiker tingrett kor partane møttest i tinghuset i Hokksund.

Rettsavgjerda var klar 29. mai, og den mellombelse forføyninga vart forkasta. To dagar etterpå, 31. mai, aksjonerte Mattilsynet.

– Ja, Mattilsynet kan gå til aksjon. Men utgangspunktet er at det er dårleg stil. Det er ein månads ankefrist. Det hoppa Mattilsynetbukk over. Dei aksjonerte lenge før ankefristen går ut. Dei kunne teke stilling til dette etter ankefristen, seier advokat Bjørn

Solheim som vart engasjert av familien torsdag.

Arbeidde for løysing
I si sak peikar Mattilsynet på ei rekkje forhold som manglande brannvarslingssystem, manglande tilsyn og stell, mange lam døde på beite, dårlege beite og låge slaktevekter.

Ifølgje dommen frå Kongsberg og Eiker tingrett nektar ikkje bonden for at brannvarslingssystemet ikkje er på plass trass i at sauehaldet er på over 30 dyr. Men han er ikkje samd i at han har hatt sauer i for dårleg hald, dårleg tilgang på fôr og for dårlege beiteforhold.

– Me har også foreslått å overdra sauehaldet til sonen fleire gonger utan resultat, seier Kvennejorde.

– Dette vart prøvd torsdag under aksjonen?

– Me var i gang med å gjennomføre vedtaket på dette tidspunktet, noko me har heimel til i lova. Mattilsynet vurderte at omsynet til dyra gjorde det nødvendig ikkje å stoppe gjennomføringa av vedtaket ettersom me fekk rettens kjennelse til å avvikle dyrehaldet.

– Det kunne ført til ei løysing?

– Ja, og det er me lei oss for. For fleire år sidan prøvde me å få til dette. Men det har det ikkje vore vilje til, seier Kvennejorde.

Dyrevelferd
Kvennejorde meiner avlivinga av dei seks dyra gjekk rett og profesjonelt for seg.

Til stades var også medlemmer frå dyrevernsnemnda i Nore og Uvdal og fire veterinærar.

– Me gjorde så godt me kunne under dei rådande forholda.

– Vart dyrevelferda handtert skikkeleg?

– Ja, det meiner eg. Me handterte den så godt me kunne. To sauebønder og medlemmer av dyrevernsnemnda vurderte dette fortløpande, opplyser Kvennejorde."

Les "mer":https://www.spleis.no/project/41579

 

 

Advertisements
Publisert Kategorier MATTILSYNET, VideoStikkord , , , , ,

Om 7Xx7duUS

Født i Oslo i 1944 av foreldre Margit Elisabeth Dollonen .f. 1924 og Hermann Johannes Seppola , f. 1920 , som ble tvangsevakuert fra Honningsvåg da nazistene brente hjemstedet . De flyttet tilbake til Honningsvåg umiddelbart etter freden . Jeg fikk 3 andre søsken , som dessverre ikke lever idag . Jeg har 2 barn , er opptatt av politikk og alt som rører seg i samfunnet , skriver mye og deltar i diskusjoner , spesielt om barnevern som jeg betegner som salg av barn og ødeleggelse av familien som status. Bor i dag på Otteid med mine katter , dyrker økologiske grønnsaker , er vegetarianer , er glad i naturen . Har 2 snille barn .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *