barn av isis.

På Dagsrevyen sin pressekonferanse om IS-barna den 3. juni, 2019, seier du at Regjeringa "hentar tilbake til Norge" 5 born av IS-foreldre.
I denne samanhengen må du vere bra å svare på nokre enkle spørsmål frå meg.
Når du seier at Regjeringa "hentar tilbake til Norge" desse borna så oppfattar eg det som at desse borna har vore fødde, og opphalde seg i Noreg, før Syriaopphaldet. Er dette rett, og snakkar du som statsminister sant her?
Eit spørsmål til er om du har spurt folket om du skulle få lov til å hente til Noreg avleggarar frå IS- krigarane sin ideologi, eller har du berre støtta deg på Krf, Venstre og eindel andre venstreside politiske organisasjonar og parti, som Raude krossen, Redd barna og andre parti på ytste venstresida? Vil du, Erna Solberg, stå ansvarleg for mogelege negative fylgjer av å plante fleire IS-avleggarar i landet? Truleg finns det slike frå før i Noreg? 
Folkemeininga i ei slik sak burde ikke målast av kjende meiningsmålings føretak som svært mange ikke har tiltru til.
Her er det folket som burde avgjere og du kunne fått råd frå folket ved haustens val.
Svært mange oppfattar det norske politiske systemet som meir totalitært enn demokratisk. Eg er ein av dei! 
Eg krev at dei to somaliske systrene som vert omtala i kveldens reportasje ikke har noko framtid i Noreg, men at dei vert førde til Somalia om dei skal ut av Syria. Dei og deira familiar høyrer heime der. Mogelege norske statsborgarskap må inndragast!        
Eg vil ha svar frå deg på dette brevet og vil ikkje godta innhaldslause standardsvar. Din utanriksminister si deltaking i nemde pressekonferanse vel eg å ikkje kommentere. Frå det haldet er det ikke anna enn forventa.
Norvald Aasen, 6983 Kvammen 
Annonser