Norge

Som abonnent av Norge i Dag tillet eg meg å kome med nokre kommentarar av og til. Håpar du tek mot både ris og ros. I siste avisa seier du at Oslo Symposium skal feire den nye regjeringa.
Min kommentar: Eg synest ikkje den nye regjeringa med Venstre og Krf er noko å feire. Desse partia er meir til skade enn til gagn for land og folk. Krf kan vere litt betre utan Hareide, men likevel er ikkje dette partiet med alle sine snillistar til beste for landet. Både Krf og Venstre er like ille som heile den samla ventresida når det gjeld masseinnvandringa som med tida vil føre til at nordmenn vil dele skjebne med andre folkegrupper som gjennom historia har vorte overmanna, fortrengde og utsletta etter framande folkevandringar. Ser ein ikkje dette så går ein med skylappar klistra for auga. 
Så til den faste spalta med Jan Pedersen frå Søgne. Han har på ny sin runde med avgudsdyrking av Kongen og hans hus, slik han skriv.
Min kommentar: Denne Kongen veit ikkje kva folk han skal vere overhovud for. Minner om hans tale i Slottsparken den 1. sept. 2016 der han uttala at "nordmenn" har innvandra frå Afghanistan, Pakistan, Somalia osv. Denne Kongen, som Pedersen skriv så varmt om, veit altså ikkje at nordmenn er namnet på eit eige folk som har si historie tilbake i dette landet som dei fyrste busetjarane for mange tusen år sidan, i likskap med samane.
Når det gjeld medlemane av Kongen sitt hus som Pedersen nemner så synes dei å vere like historielause om vårt gamle folkeferd som deira opphav, Kongen og hans Fru. Og når det vert framhalde av Pedersen kor viktig Kongen og hans hus er for vår kristne arv så er det berre å minne om at både Herr- og Fru- monark og deira etterkomarar meir enn gjerne tek seg ein runde innom ulike moskear. 
Og for min eigen del må eg berre seie at om kongehuset sin nye tronarving skal konfirmerast den 13. august d.å. i påsyn av kongelege gjestar frå heile Europa så er det utan at eg gler meg av den grunn. Eg, og mange med meg, har sett kor svake desse kongeslektene, og kongehusa, har vore når det gjeld å stå opp mot den framande erobringa og framandgjeringa som har fått finne stad over heile Europa, også her i vårt vesle Noreg!         
Artiklar i avisa Norge i Dag som eg gler meg over kvar gong, og som gje innhald og verdi for meg, er det eg les av Dan Odfjell og SMA sin skribent Suissa. Dette er artiklar som er bygde på klokskap og som analyserar Vesten sin sjølvpålagde undergang og avhending.
Med helsing
Norvald Aasen
   

Advertisements

Politi-_og_lensmannsetaten

Eg les i denne avisa den 11. mai 2017 at Kongen har sagt at "norsk kultur utvannes".
No er det ei tid då alt som kjem frå kongehuset vert slege opp som om orda kom frå ein eller annan gud, og at kongehuset sine medlemar er noko heilagt som har dala ned frå ein annan klode.
Men kjære Norge iDag, når de slær opp slike ord av Kongen, som for ein gong skuld er rette, er dette noko som vi andre har sett og påtala i åresvis, ja, i fleire tiår, men som vi har vorte ekskluderte frå samfunnet for å hevde.
 Då bed eg dykk merke dykk Kongen si tale i Slottsparken den 1. september 2016. I den talen hadde ikkje Kongen noko vanskar med å uttale noko som smerta mange av oss nordmennene.
Her uttala han mellom anna at: Nordmenn har innvandret fra Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria m.fl.
Slike ord er eit reinspikka hån mot nordmenn og vår kultur. Denne talen gjekk verda rundt og framstilt som eit mesterverk. Frå mitt syn var talen eit makkverk!
Utvatninga av norsk kultur har Kongen og hans hus tala varmt for og støtta av hjartans lyst, slik eg ser det! Når han seier at afghanarar, pakistanarar og somaliarar er nordmenn, ja, då må den kulturen som dei har med seg også vere "norsk kultur". Dermed vert vår kultur utvatna til ei blanding av hummar og kanarifugl. Beklagar så Kongen dette?
Det går då ikkje at han i ein samanheng hånar vår kultur, ved å uttale seg slik han gjorde, for så ved eit anna passande høve å fortelje at vi må verne om kulturen vår. Og om fåren for at den vert utvatna. Det må då kunne krevjast at Kongen held ei konsekvent linje. Enten er han for oss og vår kultur og det som vi kjenner som vårt, eller som han sa då han besøkte eit megaasylmottak i Råde for ei tid sidan, vi må vise kva som bur i oss og ta imot dei som kjem hit. Ja, dei som kjem hit i tusental årleg utvatnar norsk kultur. Litt edruelegheit må vel kunne krevjast også av landet sin monark og hans familie. Sjølv ved kongelege festlegheiter?
Underteikna har det meste av livet vore tilhengar av monarkiet. Det har kome mange dropar med åra som har fyllt begeret, men den dropen som fekk begeret til å flyte over, og som gjorde slutt på mi støtte til monarkiet var Kongen sin tale i Slottsparken den 1/9 -2016. Den talen vil for all mi tid vere avgjerande for mitt syn på Kongen og hans hus!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.
57731844

1

politi-_og_lensmannsetaten

 

På vegne av samfunnsdebattant og venn legger jeg ut dette brevet til stortingspresidenten .

I kveldens reportasje frå Trontalen i Stortinget, den 3. oktober 2016, merkar eg meg at Stortingspresidenten snakkar om "Folkets valgte representanter" og dei "folkevalgte".
Eg må minne Stortingspresidenten om at representantane på Stortinget ikkje er folkevalde, men valde av partia.
Når det er val vert vi så minna om vår "borgarplikt", altså at vi har ei plikt som borgarar til å velje, og dei vi skal velje er personar som parti har valgd for oss.
Er dette demokrati, herr Stortingspresident? 
Minner om at slike val fungerar godt i andre totalitære samfunn, men at ikkje alle av oss finn partivalde representantar som våre rette talsmenn eller talskvinner. Og kva gjer vi då? Jau, vert sofaveljar. Snart 40 % av dei røysteføre er snart heimesitjarar, utan at dette vekker uro i makta sine korridorar.
Der gjer dei likevel som dei vil! Makta styrer og rår arrogant og motbydeleg, slik den alltid har gjort!!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen