taushet er gull

Ill. Billedkunstner Rune Olsen ( 1948- 2005)

 

Jeg mottok følgende mail fra faktisk.no

Hei,

Jeg er journalist i Faktisk.no, som faktasjekker påstander i det offentlige ordskiftet. Dette innlegget på Spikers Corner har blitt mye delt på Facebook: http://spikerscorner.blogspot.com/2017/06/stortingsmelding-nr-74-av-1979-var-en.html

Vi vurderer å faktasjekke påstanden om at det var Gro Harlem Brundtland som skrev denne stortingsmeldingen.

Jeg har to spørsmål til deg:

- Er det du som har skrevet innlegget på Spikers Corner?

- Har du dokumentasjon på at stortingsmelding nr. 74 1979-80 ble skrevet av Gro Harlem Brundtland?

Med vennlig hilsen

Silje S. Skiphamn

Journalist

silje@faktisk.no

+47 916 09 220

Min gode medskribent og kunnskapsrike venn Norvald Aasen kommer med denne kraftsalven.

Til Faktisk.no

v/ Silje

 

Jeg leser i ditt brev til May Harriet Seppola at du vil faktasjekke omkring st.m. 74/1979.

 

Jeg ønsker at dere i "faktisk" også sjekker stadige uttalelser i NRK og ikke minst i dagsrevyreportasjer der utlendinger som er bosatte i Norge blir benevnt "nordmenn". Jeg har påpekt denne provokasjonen mot oss nordmenn mange ganger til NRK, journalister og Kringkastingsrådet, og også til faktisk.no uten å få svar, men det synes for meg som at bl.a. nyhetsoppleserne koser seg når de kan gjenta slike formuleringer gang på gang. Begrepet nordmenn er en etnisk betegnelse på et folk som har vært bofast i eget land gjennom uminnelige tider, og som har bygget og utviklet landet, ofte under fattigslige og karrige forhold. Nordmenn er ingen fellesbenevnelse på alle nasjonaliteter som setter sine føtter på norsk jord! Landet er bygget av slitne hender og krøkte rygger, likevel ser noen av dagens eliter, herunder media, som sin oppgave å ta fra oss som har historiske røtter til landet noe av vår viktigste identitet, nemlig vår etniske benevnelse som er en bekreftelse på oss som et folk.  Faktisk må gjerne lese gjennom diktet til Ivar Aasen som heter Nordmannen.

Cand.oecon. Kaare Ruud skrev i innledningen til sin bok "Hva skjer med Norge", dette: "Historisk bakgrunn- Nordmenn utgjør et fritt og selvstendig folk. Som skandinaver har vi, liksom samene, levd i Norge i all historisk tid".

 

Jeg mener at faktisk må feie for egen dør, hos sine oppdragsgivere som visstnok er bl.a. NRK og drive faktasjekking omkring det som tydeligvis ikke finnes noen hindringer for kan velte ut over seere, leser eller lyttere.

 

Her har dere en stor jobb å gjøre om dere skal være troverdige. Og husk på at når mange av oss nå søker til sann nyhetsformidling gjennom andre kanaler enn de tradisjonelle så har det sin bakgrunn i at vi ser sannheten i det som har blitt et skjellsord mot norske og europeiske media, nemlig at de tradisjonelle og politiske korrekte media er benevnt som løgnmedia.

 

Norvald Aasen, Indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen

Advertisements

eventyrfortelleren

 

 

 

 

 

 

 

 

Til, HKH Dronning Sonja, Slottet.

Den 13. juli fekk vi sjå Dronninga som besøkte Riddu Riddu der ho rosa denne festivalen som samla samar og mange andre av verda sine urfolk.
No er det slik at her er eit anna urfolk i Noreg som sjeldan vert hylla og som det vert gjort lite for at dei skal kunne ta vare på sine rettar og særtrekk. Men som derimot vert hetsa og latterleggjorde om dei vil framhalde si historie som urfolk. Mangfald skal ertatte nasjonen.

Dette urfolket som eg her siktar til er Nordmenn!
Truleg busette dette urfolket seg før samane fann fotfeste i nord-Noreg. Dette er naturleg å tenke seg då isen som trekte seg tilbake frå landet truleg starta si tilbaketrekking frå sør.

Når vi no har fått oppleve at sjølvaste Kongen i taler fortel oss at nordmenn kjem frå Afghanistan, Pakistan, Syria, Somalia m.fleire, så må dette enten skuldast at Kongen er utruleg historielaus eller at han ikkje bryr seg om vårt urfolk si historie og eksistens. Det same kan seiast om Kronprinsparet som uttalar at nordmenn består av alle etnisitetar. Slik vanvyrdnad tale om vårt urfolk er media og makteliten med på å spreie for utanverda som «meisterverk». Dette samstundes som dei same personane rosar det andre urfolket i landet for at dei held på sine særrettar og særtrekk.

Vanvyrdnad for oss nordmenn kallar eg det også når kongefamilien under sin «Dronningfest» i Slottsparken hentar inn på talarstolen ein ung irakar som på eit eller anna vis har funne vegen til den norske kjøtgryta, og lira av seg fylgjande: «Etter ti år i Norge står jeg overfor dere som et bevis på at det å være nordmann og muslim, kan samles i en og samme person».

At slikt hån mot oss røyrde både Kongen og Mette Marit til tårene fortel meg kva vi som urfolk kan vente oss av Kongehuset. Kongefamilien, og deira medlauparar, skal vite at denne mannen aldri har vore - og vert heller aldri - ein nordmann! Ikkje eingong kongeleg tåreskvulp kan gjere han til nordmann!
Eg trudde at valspråket frå Kongen, «Alt for Noreg» også ville bety alt for dei to urfolka som har historisk rett til dette landet. Men slik er det altså ikkje!

Når eg så hevdar dette med nordmenn som urfolk så held eg sjølvsagt utanfor dei overklasseslektene som har innvandra no og gjennom tidlegare tider til Noreg, med det føremål å tilrive seg høge posisjonar, halde på desse for å la dei gå i arv til eigne slektslekk, og for dermed å mjøle sine eigne kaker. Slike har vi rikelege døme på i landet vårt. Og det er trist å sjå at monakiet som skulle vere eit samlande symbol for folket, og ikkje minst tilgodesjå landet sine begge urfolk, i staden stiller seg til rådvelde for dei som ivrar for oppløysing av eit av dei folka som samfunnet vårt har vorte starta og bygd opp på.

Det hjelp lite at Kongen står på sametinget og siterar sanninga om at Staten Noreg er etablert på territoriet til dei to folk, nordmenn og samar, når han i andre samanhengar hevdar at nordmenn består av alle etnisitetar, og at nordmenn er afghanarar, pakistanarar, somaliarar og andre framande.
Slikt er urettvist og sårande, og dei kongelege veit dette godt. Og det er kanskje difor dei uttrykkjer seg slik dei gjer.

Nordmenn er nemleg eit etnisk omgrep, nordmenn er eit folk og til alt overmål eit urfolk i Noreg. Det finns berre to slike, nordmenn og samar.

Minner om kva cand.oecon. Kaare Ruud skriv i boka «Hva skjer i Norge»:»Historisk bakgrunn – Nordmenn utgjør et fritt og selvstendig folk. Som skandinaver har vi, likesom samene, levd i Norge i all historisk tid. Norge er vårt fedreland og felles livsgrunnlag.Det gir oss følelsen og erkjennelsen av trygghet og nasjonal tilhørighet».

Eg vil ikkje utelate å nemne at her gjennom tidene har kome enkeltvis innvandrarar som har vist lojalitet og støtte til dei urfolk som har historisk tilhøyrigheit i Noreg. Desse innvandrarane ynskjer eg velkomne.
I dag ser eg, som tidligare monarkist, ikke at kongehuset sine medlemar og støttespelarar framstår som samlingsymbol for folket. Men meir som eit symbol til samling av dei av framand herkomst.
Difor ser eg kongehuset no for tida meir som ein festival arena der det meste gjeld feiring og festlegheiter og glitter og stas. Og det verste er at dei har gløymt, og overser, det eldste urfolket i Noreg.
Det var også utruleg historielaust å høyre Kongen i si tale i Slottsparken den 1. sep. 2016 uttale at hans bestefar innvandra til Noreg for hunde år sidan. Då er anten Kongen villeia av sine tjenarar, eller så snakkar han mot betre vitande.
Prins Carl, som seinare vart Kong Håkon, Harald sin bestefar, ville fyrst ha folket sitt samtykke før han let seg verte Konge i landet. Slikt samtykke vert ikkje ynskt av dei som no innvandrar i titusental årleg.
Så sanninga er at han vart beden om å kome til Noreg, difor er det feil å seie at han innvandra. Dette er så langt fra den situasjonen vi opplever i landet vårt i dag med ei nasjonalt øydeleggande folkevandring – som til alt overmål vert støtta og ynskt velkomen av eit samla kongehus.

Erna Solberg, Noregs «statsminister» som deltok på muslimane sin Id-feiring nyleg, ordla seg slik: «Det er viktig at vi i Norge klarer å bygge en fellesskapskultur. Vi lever i samme landet og likhetene er større enn forskjellene».
Dermed har Noregs «statsminister» lagt grunnsteinen for avviklinga av vår eigen norske kultur for å kunne plante inn islamsk kulturelement i vårt land. Om eg ikkje minnest feil så la Solberg for eindel år sidan fram tankar om å tillate Sharia domstolar her i landet.

Viss Noreg sin «statsminister» synes likskapen er større enn skildnaden på det nordmenn har skalpt i vårt samfunn og det ho ser i muslimske statar med stadige krigar og motsetnadar, så kan det vere grunn til å undre seg på kva klode ho oppheld seg på.

Og det viser seg at det er i multietniske og multikulturelle samfunn ufred og motsetningar raserar samfunn. Difor er det også nesten uråd å fatte at det nett er ein slik samfunnsmodell vår tid sine politikarar, media og resten av eliten ivrar for å innføre i landet vårt, og i vår del av verda. Og som med hets og forfylging mot opposisjonelle freistar å halde nede all opposisjon mot deira planar.

Vi lyt berre innsjå at Kongehuset spelar på lag med denne eliten.
Så, DKH, Dronning Sonja, kva framtid har eit land og eit folk -urfolk – når eliten rottar seg saman for å øydelegge og bygge ned ein gamald kultur, eit gamalt folkeferd og deira livsverk skapt gjennom uminnelege tider?

Eg vil krevje at Dronninga får tilgang til brevet mitt, og ho må gjerne sende meg eit svar, i alle høve på siste spørsmålet mitt.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen Dato: 15. august, 2017

 

Politi-_og_lensmannsetaten

Eg les i denne avisa den 11. mai 2017 at Kongen har sagt at "norsk kultur utvannes".
No er det ei tid då alt som kjem frå kongehuset vert slege opp som om orda kom frå ein eller annan gud, og at kongehuset sine medlemar er noko heilagt som har dala ned frå ein annan klode.
Men kjære Norge iDag, når de slær opp slike ord av Kongen, som for ein gong skuld er rette, er dette noko som vi andre har sett og påtala i åresvis, ja, i fleire tiår, men som vi har vorte ekskluderte frå samfunnet for å hevde.
 Då bed eg dykk merke dykk Kongen si tale i Slottsparken den 1. september 2016. I den talen hadde ikkje Kongen noko vanskar med å uttale noko som smerta mange av oss nordmennene.
Her uttala han mellom anna at: Nordmenn har innvandret fra Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria m.fl.
Slike ord er eit reinspikka hån mot nordmenn og vår kultur. Denne talen gjekk verda rundt og framstilt som eit mesterverk. Frå mitt syn var talen eit makkverk!
Utvatninga av norsk kultur har Kongen og hans hus tala varmt for og støtta av hjartans lyst, slik eg ser det! Når han seier at afghanarar, pakistanarar og somaliarar er nordmenn, ja, då må den kulturen som dei har med seg også vere "norsk kultur". Dermed vert vår kultur utvatna til ei blanding av hummar og kanarifugl. Beklagar så Kongen dette?
Det går då ikkje at han i ein samanheng hånar vår kultur, ved å uttale seg slik han gjorde, for så ved eit anna passande høve å fortelje at vi må verne om kulturen vår. Og om fåren for at den vert utvatna. Det må då kunne krevjast at Kongen held ei konsekvent linje. Enten er han for oss og vår kultur og det som vi kjenner som vårt, eller som han sa då han besøkte eit megaasylmottak i Råde for ei tid sidan, vi må vise kva som bur i oss og ta imot dei som kjem hit. Ja, dei som kjem hit i tusental årleg utvatnar norsk kultur. Litt edruelegheit må vel kunne krevjast også av landet sin monark og hans familie. Sjølv ved kongelege festlegheiter?
Underteikna har det meste av livet vore tilhengar av monarkiet. Det har kome mange dropar med åra som har fyllt begeret, men den dropen som fekk begeret til å flyte over, og som gjorde slutt på mi støtte til monarkiet var Kongen sin tale i Slottsparken den 1/9 -2016. Den talen vil for all mi tid vere avgjerande for mitt syn på Kongen og hans hus!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.
57731844

ulver-og-lamdemokrati

Til
Arild Grande, Ap,
stortinget
                              
Viser til din "glade" bodskap, den 8. des. 2016, om at stortingsfleirtalet skal auke NRK-lisensen.
Dermed kan NRK halde fram med sine propagandasendingar som er heilt i tråd med den propagandaen som "Arbeidarpartiet" har fostra oss opp med i alle dei åra eg kan minnast.
For oss, som det no er mange av, er det eit mareritt å fylgje både TV og radio sine vinklingar for å påverke oss i dagleglivet. Også mange av programma av det som kallast "underhaldning" er stort sett oppskrytte av NRK sjølv, der "morokvinner og -menn" synes å le av det som mange TV-sjåarar finn berre som platt og dumt!  Men dette kostar pengar, og det veit stortingsfleirtalet og AP å finne råd med. Så Arild Grande kunne spart seg sleivsparket om at regjeringa ikkje vert samd med seg sjølv om desse lisensgåvene.
img_2598
Ei av dei faste propaganda innslaga som er vorte daglegdags både på Dagsrevyen og i andre innslag er at "nordmenn" gjer det eine og det andre. Dette vel vitande om at det er mange her i landet som politikarane og innvandringslobbyen har busett her og som ikkje er nordmenn! Likevel skal alle kallast "nordmenn". Skal minne Grande, og NRK-leiinga, om at nordmenn er det etnisk namnet på vårt folk.
Eit folk som har budd her gjennom tusenvis av år, men som de no er i ferd med å gjere til husmenn og ein minoritet i eige land. Difor skal altså alle kallast "nordmenn", slik slepp de å kome i den kattepina at folket innser at dei framande har vakse oss over hovudet medan de bløffa oss. Når de så finn tida inne for å sleppe katta ut av sekken så er altså "alle" nordmenn. Sanninga om sviket mot folk og land vil då vere for seint for Kari og Ola å gjere noko med! Då vert det som ein NRK-reportar for ei tid sidan hadde for vane å vri  ordtaket om til, Ali og Kari.
Ei anna sak som det vert snakka mykje om mellom folk flest er dette at det sjeldan vert fortalt gjennom nyheitsinnslag kven som står bak kriminalitet som vert begått av utlendingar eller innvandrarar. Slikt skal helst ikkje lisensbetalarane gjerast kjende med, må vi forstå! Derimot vert det meir enn gjerne fortalt når gjerningspersonen er norsk. Då får vi med ein gong vite at den som står bak ugjerninga er "etnisk norsk". Om ein så finn at det ikkje kan haldast hemmeleg at ugjerningspersonen er ein framand vert det gjerne fortalt at vedkomande er norsk statsborgar med utanlandsk opphav, eller at vedkomande er "norsk-ditt eller norsk-datt. Det må truleg vere ei lette for reportarane å få legge til ordet "norsk" i slike samanhengar.
       
Eg har ved fleire høve påpeika dette propaganda trikset om "nordmenn" både overfor NRK-leiinga og den einskilde reportar, sjølvsagt har det hatt same verknaden som om ein kastar vant på gåsa. Det verkar heller som om  nyheitsopplesarar og andre i systemet nyt det å kunne halde fram med ein praksis som dei veit provoserar og irriterar oss nordmenn. Det er tydeleg at det ikkje er landets eigne som skal takast omsyn til.
Namnet på vårt folk - nasjonen - er eindel av vår identitet, det som vi reknar som norsk og vårt vert ofte latterleggjort av eliten, anten det er frå media, politikarar, kjendisar av ulik profeksjon og kvalitet, eller frå anna liknande hald.
Ei kvinne busett i Oslo fortel at ho ikkje orkar å sjå NRK eller TV2, nett grunna dei ting eg har nemnt ovanfor, men betale lisensen som vert brukt for å spre dykkar propaganda, den må ho versågod vere med å betale på.
Frå tid til anna hentar NRK fram sine avgåtte kjendisar frå loftet,  slike vi trudde og håpa på var utgått på dato. Dei vert pussa og polerte for så å la dei få nye oppdrag som "underhaldarar". Slike har også evner til å snakke med dei døde, fortel dei sjølve, og der trur vi dei gjerne. I andre samanhengar kan dei få lufte sine ideologiske idear. Og jamvel har dei frimodigheit til å uttale at "Vi lever av å fortelle sannheten". Men nett det har vi for lang røynsle med mediafolk til å bite på. Her trur vi dei slett ikkje! Det er kjent at ein av dei verste spesialistane innan propagandatriks uttala at om ei lygn vart gjenteken mange gonger så vert den tilslutt sanning. Så kan ein saktens lure på om det er denne strategien den heimlege media også arbeidar etter? Både mediaforakta og forakt for politikarfleirtalet aukar, og dei har seg sjølv å takke. Og denne forakta har dei så inderleg vel fortent. 
For å sitere samfunnsdebattanten, Dan Odfjell, "Ikke tro på media, de har tapt sin siste troverdighet". (Norge IDag nr. 49 -2016)
Norvald Aasen, 6983 Kvammen
tel: 57731844