Politi-_og_lensmannsetaten

Eg les i denne avisa den 11. mai 2017 at Kongen har sagt at "norsk kultur utvannes".
No er det ei tid då alt som kjem frå kongehuset vert slege opp som om orda kom frå ein eller annan gud, og at kongehuset sine medlemar er noko heilagt som har dala ned frå ein annan klode.
Men kjære Norge iDag, når de slær opp slike ord av Kongen, som for ein gong skuld er rette, er dette noko som vi andre har sett og påtala i åresvis, ja, i fleire tiår, men som vi har vorte ekskluderte frå samfunnet for å hevde.
 Då bed eg dykk merke dykk Kongen si tale i Slottsparken den 1. september 2016. I den talen hadde ikkje Kongen noko vanskar med å uttale noko som smerta mange av oss nordmennene.
Her uttala han mellom anna at: Nordmenn har innvandret fra Afghanistan, Pakistan, Somalia, Syria m.fl.
Slike ord er eit reinspikka hån mot nordmenn og vår kultur. Denne talen gjekk verda rundt og framstilt som eit mesterverk. Frå mitt syn var talen eit makkverk!
Utvatninga av norsk kultur har Kongen og hans hus tala varmt for og støtta av hjartans lyst, slik eg ser det! Når han seier at afghanarar, pakistanarar og somaliarar er nordmenn, ja, då må den kulturen som dei har med seg også vere "norsk kultur". Dermed vert vår kultur utvatna til ei blanding av hummar og kanarifugl. Beklagar så Kongen dette?
Det går då ikkje at han i ein samanheng hånar vår kultur, ved å uttale seg slik han gjorde, for så ved eit anna passande høve å fortelje at vi må verne om kulturen vår. Og om fåren for at den vert utvatna. Det må då kunne krevjast at Kongen held ei konsekvent linje. Enten er han for oss og vår kultur og det som vi kjenner som vårt, eller som han sa då han besøkte eit megaasylmottak i Råde for ei tid sidan, vi må vise kva som bur i oss og ta imot dei som kjem hit. Ja, dei som kjem hit i tusental årleg utvatnar norsk kultur. Litt edruelegheit må vel kunne krevjast også av landet sin monark og hans familie. Sjølv ved kongelege festlegheiter?
Underteikna har det meste av livet vore tilhengar av monarkiet. Det har kome mange dropar med åra som har fyllt begeret, men den dropen som fekk begeret til å flyte over, og som gjorde slutt på mi støtte til monarkiet var Kongen sin tale i Slottsparken den 1/9 -2016. Den talen vil for all mi tid vere avgjerande for mitt syn på Kongen og hans hus!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.
57731844
Annonser

1497822_597650217029095_6210748155099560730_o

Altfor seint,biskopar!
På Dagsrevyen den 17. okt. 2016 er biskopane i samle tropp, med sin presis i spissen, ute og åtvarar mot å slutte med skulegudsteneste i førjulstida.
Det er for seint, biskopar! Som man reder så ligger man, heiter eit gamalt ord! Og de har ikkje berre reidd til dykk sjølv, men til alle nordmenn! De har alt i mange år gått i spisen for framandgjeringa og islamiseringa av fedrelandet. De har arrogant hakka på dei som har sett skrifta på veggen og som ser kvar ferda går. Og skriftteikna har de vore med på å forme.
Det var i Bergens Tidende av 7. okt. 1987 at biskopane Aarflot og Bue uttala at den framande innvandringa til landet ikkje var noko trugsmål, og biskop Bue sa til avisa med det misvisande namnet "Vårt Land" den 8. sept. 1987 at krigsveteranane som åtvara mot masseinnvandringa gjekk i fascismens ærend. 
Sidan den tid har bispestanden lege på kne for å forsvare islamiseringsbylgja, og de har stadig kome med kritikk av politikarar og andre som har åtvara mot fylgjene av denne nasjonale tragedia. Nemleg at vår nasjonalstat vert oppløyst og vårt gamle folkeferd, nordmenn, vert ein minoritet i eige heimland og til sist vil gå i grav. De nærmar dykk målet!
De har gjennom åra stadig kravd friare reglar for masseinnvandringa! De har tillate prestar i presteskrud å be til Allah, som dette: "Allah vær meg nær"!
De har vore med på å ta vår kultur og det som vi kjenner som norsk og vårt frå oss, så no viser tida at de har fått det slik de har ønska, saman med dykkar kampfeller!
De treng såleis ikkje no å stå fram og læst som de har omtanke for vår kristne kulturarv. De har altfor lenge synt dykkar sanne andlet i denne samanhengen.
At NRK finn å la Knut Arild Hareide gi støtte til dykk viser berre hykleriet og falskheita i det de seier. De høyrer, etter mitt syn, saman med han som seier at, den siste kvite flekken består i å dekonstruere majoriteten, og gjere det så grundig at den aldri meir vil verte ein majoritet. ( Thomas Hylland Eriksen) Framtidsdraumen som nokon, og eg trur også de, har som mål i livet. Og denne planen gjeld oss nordmenn!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen.