CELL TOWERS.jpg

"Nettselskapet har rett til å byte ut målaren din".
Her vert det sagt at nettselskapet har rett til å byte ut målaren, straummålaren er nettselskapet sin eigedom og nettselskapet skal ha rett til å ha tilgang til målarutstyret. Her vert det også skrive at "Å nekte nettselskapet tilgang til målaren er misleghald av nettleigeavtalen".
For å vere heilt klår: Eg har aldri nekta for at strammålaren er nettselskapet sin eigedom og eg har aldri - aldri - nekta nettselskapet sine folk tilgang til målarutstyret! 
Det eg har vore skeptisk til er å ha ei strålingskjelde sentralt i husværet som er aktiv døgeret gjennom, heile året, og for all framtid.
I brevet vert det også sagt at om de, SFE, ikkje oppnår kontakt med underteikna innan 14 dagar så vil selskapet vurdere å stenge straumen.
Her kan det vere greit å minne YFK/SFE om at gjennom 7 månadar sist sumar, i samband med anleggsarbeidet ved fjordspennet over Ålesundet, fekk selskapet nytta min gards- og skogsveg til transport av personell og utstyr, og der det vart brukt både bilar og gravemaskin på vegen. Mitt krav for leiga var vel heller ikke av det verst tenkelege. I tillegg fekk selskapet lov å plassere brakke for mannskapa ved fjøsen min og straum fekk de henta frå nettet i fjøsen, sjølvsagt betalte selskapet for straumbruken, (skulle vel berre mangle). I andre samanhengar gjennom mange år har selskapet  og mannskapa fått nytte vegen fram til linjetraseen utan noko krav på godtgjering frå meg for bruken av gards- og skogsvegen. Det kan nemnast at skogsvegen har eg bygd for eigne midlar utan eit øre i offentleg tilskott.                     Eg har hatt eit godt tilhøve til mannskapa som har hatt oppdrag i samband med YFK/SFE sitt linjenett. 
Skulle det vere greit om eg ved framtidige førespurnadar om å nytte vegen sa frå at vegen er stengd for YFK/SFE?
Slike meldingar om å stenge straumen til ein abonnent verkar ikke å stå i høve til avsluttninga i brevet om "Vi ser fram til eit godt samarbeid vidare".
Vi høyrer av og til om straumkundar som får stengd av krafta, men då er det oftast grunna manglande betaling for straumen. Om YFK/SFE har registrert manglande betaling for straumen til mitt gardsbruk gjennom dei omlag 60 åra sidan vi vart kobla til YFK sitt straumnett ber eg om å verte varsla om dette.          
I dykkar brev ligg det også ved ei orientering om spørsmål frå kundar om ulike ting dei vil ha svar på. M.a. dette: " Kvifor ny målar?"
Her heiter det m.a. at det vil redusere framtidige utbyggingar. Dette er nok ikkje grunnen. Vi har lenge hatt nok straum frå  vasskraft til vårt eige behov. Likevel skyt det opp vindmølleparkar rundt i landet for å auke kraftmengdene og det vert bygd ut meir vasskraft. Grunnen til dette er nok at Noreg skal forsyne sitt kjære EU med straum. Noreg skal altså rasere eiga natur for å skaffe straum til EUs veksande folkemengder. 
Det vert også skrive i brevet at automatiske straummålarar ikkje er helsefarlege å ha i heimen, og at strålinga er under ein tusenedel av grenseverdiane for stråling.
Slike forsikringar trur eg ikkje på. At det er styresmaktene som krev nye og automatiske straummålarar viser berre at det ligg ei politisk plan bak, eg har nemd EU. Styresmaktene allierar seg med kraftbransjen og andre etatar, som statens strålevern og sikkert også andre, så er det berre å køyre brukarane i senk med meir eller mindre pålitelege påstandar. Makta vinn alltid!
 Og eg trur ikkje på forsikringar og påstandar om kor uskadeleg alt som vi får tredd nedover oss er. Eg trur ikkje at styresmaktene, eller deira medlauparar, bryr seg det minste om folkehelsa eller skadar som vi kan verte utsette for som fylgje av deira påfunn. Deira agendaer ligg andre stadar og ikkje minst i pengar, og kapitalen sine internasjonale samrører. Kor ofte har vi vel sett at vanlege menneske sin kamp for rettferd og erstatning for plagar og sjukdom som storsamfunnet sine grep har påført dei, vert motarbeidd av styresmaktene og ulike selskap som sit med sine superadvokatar mot den vanleg kvinne og mann.
Eit spørsmål lyder slik: "Kan nettselskapa sjå kva eg brukar straumen til?"
Er det noko eg ikkje bryr meg så er det nett dette!
Då brevet frå dykk ikkje er underskrive med personnamn, men med ein kundesenteradresse så går eg ut frå at brevet er sendt frå leiinga i selskapet -SFE, eg sender derfor mitt svar til leiinga i YFK/SFE og andre i selskapet som eg har hatt kontakt med. Brevet vert også sendt til statsministeren og andre aktuelle departement.
Norvald Aasen    

Advertisements

2

CELL TOWERS

HEI.

Vi har forsøkt å nå deg for å avtale tid om bytte av ny automatisk strømmåler.

Vi er I området for 2 gang og trenger bistand til å bytte din måler nå.

Det vil påløpe ekstra kostnader å  opprettholde  systemer og arbeidsprosesser  for kunder uten mas -måler 

For å dekke denne merkostnaden vil kunder uten  ams  -måler faktureres kr. 2000 i tillegg til ordinær neftleiemed virkning fra 1.11.2018.

Vennligst ring oss 21507006 for å avtale tid for ditt målebytte .

Hafslund nett