migranter

På Dagsrevyen den 3. mars 2020 var det kommentarar til Frp og Helgheim sitt ynskje om å stogge migrantane som no pressar seg mot grensa til Hellas og Europa.

 

Terje Breivik framstod i kjend arrogant stil og meinte at kravet frå Frp var for å skaffe partiet nokre røyster.

Men kva er det så Venstre og Breivik vil? Er det kanskje noko med at ein slik migrantstraum mot Europa, der mykje av flodbylgja endar i Noreg, gjev Venstre håp om større mengder røystekveg. Som kjent så seiest det at hunden ikkje bit den handa som gjev den mat.

Store delar av Syria har no ikkje krigshandlingar etter den borgarkrigen som NATO har funne glede i å ta side i, det er difor eit brotsverk av Vesten og Noreg å ta inn syriske migrantar som heller burde sendast heim for gjennoppbygging av det borgarkrigsråka landet. Men egoismen skal tydelegvis premierast til Vesten sitt eige fall.

Breivik hevdar også at det å ikkje tillate migrantane å få behandla asylsøknadar er i strid med "menneskerettane" til migrantane. Men har ikkje vi nordmenn visse menneskerettar når det gjeld å ta vare på eige land og å verne om det som er vårt? I FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettar står det Del 1 Artikkel 1: "Alle folk har selvbestemmelsesrett. I kraft av denne rett bestemmer de fritt sin politiske stilling og fremmer fritt sin egen økonomiske, sosiale og kulturelle utvikling".

Den danske flyktninghjelpa seier at danskane ikkje har plikt til å øydelegge sitt eige samfunn gjennom framandinnvandring.

Fridtjof Nansen uttala eingong i samband med den greske-tyrkiske konflikta at det å bringe saman folk av vidt forskjellege rasar, religion og språk på ein flekk ville vert ein arnestad for ufred og hat i framtida.

 

Dette er ei erkjenning som også burde falle inn hjå det norske og europeiske politikarfleirtal. Europa er som kjend den tettaste befolka verdsdelen, og det som vestlege politikarar i dag legg opp til er ufred og hat mellom folkegrupper i framtida innan Europa og Noreg. Truleg ikke mest frå dei undertrykte europeiske folkegruppene, som er sette tilsides av eigne politikarfleirtal, men det vert opna for masseinnvandring av etniske og religiøse grupper som ligg i motsetnadar og krig med kvarandre rundt i verda. Ein slik politikk frå politikarfleirtalet også i Norge kan ikkje bygge på anne enn ynskje om kaos, øydeleggingslyst og avhending av eigne nasjonar og samfunn, slik eg ser det.

 

Dette synes eg også Krf og Grøvan burde merke seg sjølv om eg har lite tiltru til eit parti der Kjell Magne Bondevik, Knut A. Hareide, Ingunn Eriksen og liknande er tonegjevande i partiet.

 

Utan at eg har tilknytnad til Frp så vil eg hevde at mange i dette partiet er dei einaste på stortinget i vår tid som synes å kjenne ansvar for eige folk og land, og vil verne om Noreg som eit norsk samfunn også i framtida.

 

Eg nemner også at eg for eindel år sidan var innom valg-stands i Bergen. Eg opplevde då å stå i nærleiken av Terje Breivik. Der kom ein eldre mann fram til standen og stilte spørsmål til Breivik, og eg oppfatta at veljaren ville ta opp samtale om innvandring. Terje Breivik (V) snudde seg arrogant bort fra mannen og gjekk derfrå.

Denne hendinga tenkjer eg på når eg ser Terje Breivik og andre venstrefolk viser sitt hovmod og sin nedlatande veremåte overfor menneske som er glade i sin fedrearv og sitt Noreg, medan dei elles snakkar i høge tonar om ytringsfridom og demokrati.

 

Norvald Aasen, 6983 Kvammen

Den 9. desember i fjor er Skei Grande på farten igjen i Vårt Land og skriver at det er en lang vei å gå når det gjelder hets mot muslimer. Det er grunnen til at regjeringen vil legge fram en handlingsplan mot diskriminering og hat mot muslimer.  Venstre ønsker trygghet for og stolthet av at ulike trosretninger kan ha en naturlig plass i samfunnet. Og hun passer også på å påpeke at staten gir støtte til tros- og livssyn, slik at trosfriheten kan være reell (sic).

https://www.document.no/2020/03/04/solberg-regjeringens-krig-mot-islamofobi-og-hets/

Det er UDI som står bak prosessen med å hente kvoteflyktningene til Norge, og det er Justisdepartementet som har besluttet at 500 av 3.000 kvoteflyktninger i fjor skulle være sør-sudanere i leire i Etiopia.

Hanssen forteller at mange av dem som er fra Sør-Sudan, og plukket ut av Norge som kvoteflyktninger, tilhører Maban-folket.

Mange av de sør-sudanske flyktningene som nå har kommet til Norge, hadde bodd i leirene siden slutten av 1990 tallet og de yngste kjente ikke noen annen måte å leve på. Andre kom til leirene etter borgerkrigen som brøt ut i desember 2013. Uttaket og forberedelsene til reisen til Norge startet i fjor sommer. De første familiene som ble tatt ut, tilhørte for en stor del Maban folket som er en liten etnisk gruppe i Sør-Sudan med en særpreget tradisjonell livsform, og som i stor grad har levd i isolasjon fra det øvrige samfunn uten adgang til utdanning. Mange av dem kan bare sitt eget lokale språk og er analfabeter.

https://www.rights.no/2020/02/henter-analfabet-stamme-til-norge/

Lederne i alle land har underskrevet 169 punkter i Agens 2030 og har således gitt FN makt og autoritet over

Utdannelse , familie, eiendom, mat, helse, ernœring , jordbruk , industri, , hav, elver og vann , inkludert fisk og olje , luft og økonomi .

Innvandring framstille som meget posirivt . FN vil ha regulert innvandring .

I artikkel 29 står det “:

Vi erkjenner at det er positivt med innvandring for å ƒå en inkludernde vekst og bœrekraftig utvikling . Vi erkjenner at at den melomfolkelige innvandringen er en flerdimensjonal virkelighet av stor betydning for det landet de kommer fra , for det landet de vandrer over og for det landet de kommer til . Landene skal samarbeide seg imellom for å sikre en trygg , ordnet og regulert innvandring .

Jesuittene ( Pavens soldater ) har opprettet en egen underavdeling som har spesielt å gjøre med innvandring ( Jesuit Refugee Sevice) JRS .

De arbeider for å integrere flyktninger i nye land og kulturer .

I alle land leser vi om innvandrinsproblemer .

Politikerne argumeterer for og imot , men planen er allerede lagt i AGENDA  "2030":http://endtime.net/norsk/Agenda%202030%20norsk.pdf

 

Annonser

raja den mørkebrune

I frustrasjon over at veljarane hadde fått nok av Venstre let Abid Raja sitt sinne gå ut over Sylvi Listhaug og Frp. På Dagsrevyen den 13. sept. 2019 går han i spagat over at Listhaug, Jensen og Frp hadde drive med "brun propaganda" og dermed hadde øydelagd valkampen for han sjølv og Trine Skei Grande. "Brun" propaganda er det same som å seie at Frp hadde drive nazi-propaganda.
Vi har etterkvart vorte vande med at mange framandetniske innvandrarane reiser nasene sine mot sky i forakt for dei nordmenn som synes at hovmodet mot oss vert i meste laget. Det undrar meg stadig kvifor dei nedlet seg sjølve til å "berike" oss, i eit land der dei ser så mykje "rasisme" og "brune" menneske.
No kan vi også synes at muslimar skulle dempe sine skuldingar mot  deira vertsfolk om "brun" og "nazistisk" propaganda. Som kjent så var også muslimar rådgjevarar for nazismen ved Hitler sin plan for jødeutrydding. Ja, det var jamvel ein muslimsk leiar som oppretta muslimske brigadar på Balkan under krigen, og som bistod dei nazi-tyske herrefolka der. Det vart hevda at desse muslimske brigadane gjekk så grufullt fram, serleg mot serberane, at slikt vart rapportert tilbake til Berlin.
Så Raja, som er pakistanar og visstnok muslim, kunne jo dempe sine hatske åtak på dei av oss nordmenn som har historisk rett til Noreg som vårt heimland, og som aldri har vanka millom raude og brune despotar. Dei framande sine norske velgjerarar kan eg ikkje sjå føre meg har same historiske rettane.
Så minner Abid Raja oss om, i sitt raseriutbrot på Dagsrevyen, at det var Venstre som fekk gjennom krav om 3000 migrantar til landet, og at det var hans parti som hadde fått gjennom kravet å avskaffe muslimhat. No kan jo uttrykket muslimhat også forståast som muslimar sitt hat mot kristne og jødar. Men vi vel nok å tru at det ikkje er slikt hat Raja og Grande er opptekne av.
Eg les i ein rapport frå ein organisasjon at "5 millionar kristne i Pakistan forfølges". Ein mann fortel at når arbeidsgivaren oppdagar at han er kristen så får han ikkje jobb. Innbyggjarane i landsbyen får vatn frå den offentlege vasskjelda, men det gjeld ikkje han og hans familie. Vi har elles høyrt om kyrkjer som vert prøvd bygde i Pakistan anten vert rivne eller brend ned. I nord-Afrika og midt-Austen som før var bebudd av kristne er dei fleste kristne enten drepne eller fordrivne. I Egypt med sine kristne kopterar er det stadig forfylgjing, og kyrkjene deira vert sprengde i lufta eller brende, også med tap av mange menneskeliv.
Så når Abid Raja og hans kampfeller, i partiet Venstre med fleire, skuldar oss nordmenn for hat mot muslimar så kunne dei kanskje sjå på kva hatet frå muslimar mot kristne og jødar har førd med seg gjennom historia. Men vi er nok ikkje så naive at vi innbiller oss at dette kjem på deira dagsorden. 
Kva hat låg bak terroren 11. sept, 2001 i New York. Der passasjerfly vart styrta inn i bygningar og der hundrevis av uskuldige menneske møtte ein grufull død, og der fleire tusen omkom i dei samanraste bygningane. Kva med terroråtaka i Madrid, London, Brussel, Nice, Paris, Julemarknad i Tyskland berre for å nemne nokon. Så om ikkje dette er nok så har vi den Islamske Staten, IS, i friskt minne. Men dette minnet synes etterkvart å bleikne, og det får hjelp til å bleikne av eit Europa der fleirtalet av politikarar, media og resten av makteliten gjer sitt beste for at Europa skal verte neste muslimske maktbase. Når dei kristne er borte frå deira tidlegare bustadsområde i midt-Austen så står Europa for tur til oppreinsking, med velvilleg bistand frå dei som utgjer den falske og svikefulle adelen på vårt kontinent.
Sjå gjerne filmen frå Walid al Kubaisi om Det muslimske brorskapen sin plan for erobringa av Europa. Men fleirtalet av Europa sin maktelite jublar og lagar straffelover mot forsvarslause europearar som stadig vert plasserte nærmare stupet. Ingen må protestere mot globalistane sine vondsinna og hemmelege planar. Desse planane gjeld såvisst også Noreg!
Eg kan minne om Omars Pakt som står gjengive på side 338 i boka "Hvorfor jeg ikke er muslim" av Ibn Warraq. Her skriv forfattaren: "Noen av de begrensningene som er pålagt dhimmiene er oppsumert i Omars Pakt, som sannsynligvis ble satt opp på 700-tallet av Omar b. Abd al-Aziz (regjerte 717 - 20). Dhimmiene (dei vantru) sin status var skrøpelig og var stadig truga. "Dhimmiene risikerte hele tiden å bli gjort til slaver," skriv farfattaren. 
Nemner berre to av punkta i denne Pakta: "Vi skal vise respekt for muslimer og reise oss fra våre sitteplasser når de ønsker å sitte". Og: "Vi skal ikke bygge hus som er høyere enn deres".
Så veit vi det!
Norvald Aasen, 6983 Kvammen